onsdag 3. september 2008

Kva er eigentleg religion?

Sidan religion er eit samansatt fenomen, er det ganske vanskeleg å setje ein definisjon eller ein enkel forklaring på det.

Dei fleste bind ordet religion til troa på ein gud, ein vilje eller kraft. Men fleire religionar trur på éin gud. Det kallar me monoteisme. I andre religionar treff me fleire gudar. Det kallar me polyteisme. I nokre religionar trur ein at gud gjennomstrøymar heile verkelegheita, det omtalast som panteisme.

Ein annan måte å forstå religion på er å undersøkja kva den kan gjera med eit menneske, ei gruppe og eit samfunn. Det kan handla både om kva behov ein religion fyll, og om kva virkningar ein religion kan ha. Dette spørsmålet har eit tydeleg utanfråperspektiv.

Religion handlar om ei rekkje ulike sider eller dimensjonar. I staden for å gi ein klar definisjon av sjølve fenomenet religion kan beskrive disse ulike dimensjonene.

1. Læra, den filosofiske dimensjonen, dei grunnleggjande forestillingane.

2. Myta, den fortellande dimensjonen, fortellingar om sentrale emne.

3. Riten, handlingsdimensjonen, gudstenester, meditasjon, offer, bøn.

4. Opplevelsa, følelsesdimensjonen.

5. Etikken, den lovmessige dimensjonen, reglar for rett livsførsel.

6. Organisasjonen, den sosiale dimensjonen.

7. Bygninga, den materielle og kunstneriske dimensjonen

(Oppdelinga i sju dimensjonar er foreslått av religionsforskaren Ninian Smart)

Orda rite og ritual blir brukt til å beskriva religiøse handlingar, og me brukar dei ofte om kvarandre. Men held me dei litt frå kvarandre, kan vi skilja mellom éi handling og fleire handlingar. Da kan vi kalle ei religiøs handling for ei rite, mens eit ritual er ei samling av riter som er knyta saman, for eksempel i ein gudsteneste eller ein fest. Kult er fellesnavnet for alle ritene og rituala i ein religion.

Alle religionar inneheld myter. Myter er religiøse fortellingar som handlar om dei eksistensielle spørsmåla. Viktigast er spørsmåla om kor me kjem ifrå, og kor me ska.

Me finn religionar i alle samfunn over heile verda, og sjølv om det er store forskjellar mellom dei, finns det mange fellestrekk. Me kan gruppere religionane i ulike typar: Ut ifrå gudstro, ut ifrå skrifter, ut ifrå opprinnelse. Ein annan måte å dela inn på er å sjå på den geografiske utbredelsa.

1 kommentar:

Kornelius Kornbach sa...

Eg syns dette var et fint blogg innlegg, med gode faktaopplysninger. Det var oversiktig og strukturert. Du svarte på oppgaven og det synest jeg var bra :)